Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kultmakarkveld  laurdag  16.  oktober

Kultmakarkveld laurdag 16. oktober

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. oktober 2010

Kultmakarkvelden i Ungdomshuset er ei vidareføring av fjorårets lygarkveld, og arrangøren som er fotballgruppa i TIL byr byr på eksotiske rettar frå Thailand og innslag frå utanbygds «artikalla».  Bernt Vatten frå Halsa, samt Arne og Lars Landsem frå Rindal kjem for å ta del i programmet på kultmakarkvelden. bernt Vatten er kjent for sine gode og lune historier, og Arne og Lars Landsem er nok mest kjent for sin aktive deltaking i revymiljøet i Rindal gjennom ei årrekkje.

Arrangementet startar kl 20 med salg og  servering av Thailandske spesialitetar til publikum. Dette er ein unik sjanse til å prøve det gastronomiske mangfaldet som det Thailandske kjøkken kan by på. Etter maten vil gjestane vere med og dra igang underhaldninga etter kvart. Arrangøren oppfordrar publikum til å ta ordet og kome med sine bidrag.  Vi veit at det er mange kandidatar som har eit rikhaldig lager av historier og skrøner i bygda, seier Bjørn Hauglann til Todalen.no, og vi oppfordrar til å sette av denne kvelden.

Her kan du laste ned plakaten for kultmakarkvelden

Publisert: 9. oktober 2010, 10:00