Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulderekord for mars?

Kulderekord for mars?

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. mars 2013

Det er uvant at det er så langvarig kaldt i mars, for gradstokken har vist meir enn – 10  fleire netter på rad.  Nei da, det er faktisk ikkje så uvant! Jon Bruset har vore i temperaturarkivet, der han har notater frå 1990 og til dags dato. Der finn han at  temperaturer under – 10 forekjem eit par netter i dei fleste marsmånader. Sidan 1990 er det berre 6 gong at mars ikke har hatt minimumstemperatur under – 10.

Den desidert kaldaste marsmånaden kom i 2006 med heile 14 døgn med temperatur under – 10 eller lågare.  Og av desse var 6 døgn på rad så seint som 22. – 26. mars.  Men dei to aller kaldaste marsdøgna var i 2001, med – 20,5 og – 19,6 grader den 1. og 2. mars. I andre enden av skalaen kjem mars 1990 med + 16,4 i to døgn den 17. og 18. mars!  Natt til onsdag var det -13,5 grader, og det er den kaldaste natta hittil i mars 2013, og det er uvanleg langt uti månaden. Så får vi sjå kva resten av mars kjem med?

Publisert: 13. mars 2013, 22:00