Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kubb og hygge i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. juli 2020

Laurdag kveld gjekk vi turstien frå Halset brua og oppover til Båthølen for å ta pulsen på «utelivet» ein fin laurdagskveld i Todalen.  Og puls var det. Ved gapahuken var eit titals personar samla for å kose seg med kaffi og litt til. Ved den nye bålplassen brende 4 gutar bål og spela kubb, leikte gøymsel og fiska litt. Kubb var ein ny aktivitet for skribenten, noko resultatet då han fekk prøve ein runde, beviste til fulle. Men gutane tykte det var artig og kom med velmeinande råd for å forbetre prestasjonane, utan at dette resulterte i at skribenten sine prestasjonar vart forbetra. Men gutane prøvde i alle fall det dei kunne, og at årsaka til at dei ikkje lukkast ligg nok hjå skribenten sjølv!

Markus, Tor Asbjørn, Van Adrian og Jens Sancho kosar seg ved bålplassen. Foto: BG Ansnes

Vi møtte òg Ragnar. Han var ute og prøvde fiskelukka, men måtte raskt innsjå at «storlaksen» ikkje let seg lure denne kvelden.  John Inge Bævre Sollid og Mari Gjul var ute og prøvde turstien for første gong. Dei gjekk turen frå Bønnavollan og fram til gapahuken i Gunnøya før dei avslutta turen med grilling ved gapahuken i Båthølen. Dei tykte det var ein fin tursti og dei likte godt den universelle utforminga av den. John Inge var klar på at dette ikkje var siste gongen han skulle ta turen hit. 

I løpet av dei 3 timane vi var i og ved turstien møtte vi totalt rundt 20 personar. Så konklusjonen må vere at turstien har vorte eit populært innslag i bygdelivet til glede for alle aldersgrupper både frå Todalen og nærområdet vårt.   

Klart for Kubb – Foto: BG Ansnes

Publisert: 26. juli 2020, 08:06