Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kristiansvarden på Skarfjellet

Dordi Jorunn Halle Fredag 21. juli 2017

Kristiansvarden er eit kjent landmerke på turen frå Todalen til Surnadal. På tur frå Hauahyllå innover mot Skei ser ein Kristiansvarden trone mot himmelen ovanfor Kvennbøgardane. Tru korleis det er oppe ved varden og kva kan ein sjå derifrå? For å finne ut dette, vart det i dag vardetur.

Oppe ved vardane ytst på Skarfjellet. Foto: Dordi J H

Kristiansvarden på Skarfjellet er eitt av dei tolv Stikk UT!-turmåla i Surnadal, og det er nytt av året. Kristiansvarden ligg 785 meter over havet, og den merka ruta frå ytst i Kvenndalen er på 2,2 km med ei stigning på 600 høgdemeter. Dette er altså ein ganske bratt tur; til samanlikning er turen frå Todalshytta opp på Storhaugen på 2,5 km og med ei stigning på 300 høgdemeter. Men turen opp til Kristianvarden er godt merka, og det er ein tydeleg og god stiga om enn litt våt no etter langvarig regn. Turen opp er fin – mange flotte utkikspunkt, og oppe ved varden ser ein både vidt og langt, utover fjordane og innover fjella! Det blir mest fugleperspektiv ned mot Kvennbøgardane. Oppe ved varden er det godt å kvile, og på dagens tur var det korkje mygg eller dryge fluger.

Framme ved Kristansvardenser ein rett ned på Kvennbøgardane og Søyåa. Foto: Dordi J H

I boka om Kvenndalen i kapittelet som heiter «Eit allsidig turområde» kan ein lesa at i gamle dagar var det «ikkje nokon som gjekk tur utan at det hadde eit matnyttig formål». Vidare skriv forfattarane av boka: «Den første ferdselen som hadde eit visst turpreg over seg, var nok når folk for på besøk på setrene om helgene. Seinare vart det meir og meir vanleg å ta seg fjellturar om søndagane. Mange gjekk nok åleine, men det var heller ikkje uvanleg at folk slo seg ilag, slik at det kunne vere mange som for saman på desse turane. Dei fleste vardane på fjelltoppane i området står der som minne frå denne tida. Sjøl om det kanskje var enkeltpersonar som starta bygginga av dei fleste vardane, så var det vanleg at dei vart påbygde når folk besøkte desse toppane. Var det godt om høveleg stein, kunne det bli bygd fleire vardar på same fjelltoppen. Brørne Kristian og Sivert Holten var kjente vardebyggjarar. Eit mykje nytta turmål er Kristiansvarden på Skarfjellet.»
Kristian og Sivert Holten var frå Eidet og er fødde først på 1880-talet.

Det er luftig rundt varden. Foto: Dordi J H

Turen opp til Kristiansvarden er fin og triveleg, og det skal finnast ei slakare rute opp til varden om ein startar lenger inne i Kvenndalen.

Sulån’j, Kjerringa, Vassnebbå og Rambjøra. Foto: Dordi J H

Kjekt å møte sauer på turen, men sauemor stappa med føtene og bles i nasen! Foto: Dordi J H

Foto: Dordi J H

Publisert: 21. juli 2017, 00:01