Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – løysninga 

Guro Redalen Måndag 17. april 2017

Dette har hendt: Ja kva er det ikkje som har hendt dei siste dagane? Det einaste som står att no er at vi får svar på om Sigrid Vangen + Sterk-Ola = sant. 

Ungdomshuset. Huset som har romma det meste. Frå barnehagekvardag, til bryllaup, basar, polskurs, pilkast, sceneopptreden og sveitte swingdansar. Tombolahjul med premiar på øvste hylle, og skifte av filmrull når det passa minst i bygdekinofilmen. Eit hus så sentralt i mangt eit minne. Men ja, fram då frendar i fredeleg kappstig, vi har ei krimgåte å løyse! 

Salen var rydda til finale i Sjakkturneringa. Birøktar Anderstu og Brødrene Anderstu hadde alt funne kvar sitt bord. Baneleiar Sandstad hadde ein fagprat om gras med Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 borte ved bakelsbordet. Handelsmann Nordvik var oppteken med å sjekka i Dei Heilage Resultatspapira då saloon-dørene slo opp og frk. Bladfyk trådde lett haltande på polsfoten inn i rommet. Deltakarane snudde seg, var det ein ny konkurrent dei ikkje hadde rekna med? 

Ho gjekk over golvet mot Handelsmann Nordvik. Under arma hadde ho ein papirbunke. Det var påskeheftet med Vangsgutane! Kvar hadde frk Bladfyk funne dei? Eller har ho hatt dei heile tida? Handelsmann Nordvik såg opp frå papirarbeidet. ”Å nei! E glømt de att!” sa han når han såg Bladfyk og tok seg til hovudet ”eg fekk ein sehr wichtig telefonsamtale og … ” Bladfyk avbraut Handelsmann Nordvik ”Ja, det er kanskje ikkje det einaste du har gløymt i påskekaoset?” Ho la bunken med Vangsguthefte frå. ”Desse skulle vel eigentleg ha kome før helga med avisbudet, men på grunn av kvikkaseri så kom dei først no. Den lappen eg såg på lageret handla om det gjorde den ikkje?” Det var som det gjekk opp eit ljos for Handelsmann Nordvik ”Ja! Det stemme det! Men påska er jo ikkje over enno? Her er det enno tid til å få unna opplaget. Passe belle!” Det var Bladfyk heilt eining i. ”Og du” sa ho ”du burde og gjere noko med det lokket på den aviskassa så du ikkje får det i hovudet når du hentar opp det som ligg nederst …” 

Men så var det tid for sjakkfinalen. Og på premiebordet sto ein fersk, eller ”fersk” gammelost. Det var Soknerådssekretær Gjeldnes som hadde lukkast å få til eit prakteksemplar av sorten som hadde fått kraftkarnamnet Sterk-Ola. Han poserte til fotoapparatet Overredaktør Ørsal medan han sa ”oooost …” Ved sidan av sto ei krukke med Anderstu-honning med valnøtter. Det skulle visst hjelpe på både smaken og ikkje minst lukta … Fjesbokvarslar Moe var skeptisk og la ut ”verra gla at lokta ikkje fæl me på bilde” på facebook. 

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik som han har gjort sidan Tov skua utover han frå Sjåarberget ein gong. Og elva, ja ho går fortsatt i foss og sving. Nok ei påske er over, og nedtellinga til jula har alt starta.

Høyr løysinga her:

 

Først publisert: 17. april 2017, 16:00 - Sist oppdatert: 16. april 2017, 22:20