Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kortreist hus på eit par dagar

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. juni 2018

På Asphaugen er Ivar Hyldbakk i gang med bygging av anneks på fjøstomta og i tilknyting til huset som står der frå før. Per Gjeldnes har tidlegare i vår gjort grunnarbeidet i samarbeid med Gunnar Nordvik og Lars Kvendset, og dei siste par dagane har dei hatt fullt opp med montering av huselement frå Talgø MøreTre, og da nærast montert elementa etter kvart som dei er produsert på fabrikken på Kvennset.

Per Gjeldnes Maskin løfta elementa på plass med gravemaskina. Foto Ivar Hyklbakk

Det er fort gjort å sette opp hus når det brukes elementbygg, for elementa produseres industrielt i Talgø MøreTres nye og moderne elementfabrikk. dermed er der berre å montere elementa sammen på byggeplassen. Da vi stakk innom var snikkarane mest opptekne av at dei skulle få på tett tak før det kanskje blir litt nedbør torsdag.

 

Publisert: 26. juni 2018, 18:26