Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kort natt – sommartid

Kort natt – sommartid

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. mars 2012

Komande natt, mellom laurdag og søndag blir ein time kortare enn vanleg. Frå søndag 25. mars vert det nemleg sommartid, og klokka skal dermed stillast fram ein time, frå kl 02.00 til 03.00. Dersom du er i tvil om klokka skal stillast fram eller att i høve sommartida, så er det ein god regel at du alltid skal stille klokka mot sommaren. Altså ein time fram for komande natt!

Publisert: 24. mars 2012, 18:05