Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rotmokveld på Pakkhuset

Rotmokveld på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Sundag 17. april 2011

Duoen Gøran Bolme og Lars Sæther innleia påska med Rotmokveld på Pakkhuset Kro laurdag kveld. Etter kvart samla dei nerast fullt hus, og dei tok oss med på ei reise frå starten i 1974 med Vømmøl spellmannslag og vidare fram til dagens Rotmo. På reisa som foregikk i kronologisk rekkjefølje var vi innom både Arbeidslaget, Heimeværnslaget, Vømlingan og Ola Uteligger. 

I to sekvensar utover kvelden fikk vi gjenhør med mange av dei kjente Rotmo-visene og vi som har levd ei stund var påminnt om den store produksjonen av tekster og musikk som Rotmo hadde gjennom 70- og 80-talet. Alt han skreiv var ikkje stuereint på den tida, men etter kvart har nok det endra seg.

Det var god stemning utover kvelden, og publikum såg ut til å kose seg med Rotmo-musikken. De var rause med applausen, og spesielt fekk Gøran Bolme mykje applaus for fram føringa av Todalssongen sin «Vi er best». Den var første gong framført på julekabareten, og hadde no fått eit ekstra vers for høvet.

Publisert: 17. april 2011, 11:30