Konsert med TrondheimSolistenes far… - Todalen.no

Konsert med TrondheimSolistenes far…

Det blir “Kvartett og song” i Todalen kyrkje laurdag 25 august kl 17.  Da gjestar TrondheimSolistenes far, fiolinisten Bjarne Fiskum, Todalen kyrkje med sin strykekvartett. Med seg i kvartetten har Fiskum mellom anna Surnadals eigen Anders Larsen. Dei spelar musikk av Haydn og Shostakovich. Sopranen Sigrid Bøe frå Bøfjorden deltek også – med utdrag frå Pergolesis «Stabat mater» og Handels «Julius Cesar».

- Som barn las eg Vangsgutane, og det skal bli fint å besøke heimbygda deira med denne konserten! seier Fiskum.  Den kjende fiolinisten, dirigenten og komponisten er frå Harran.  Etter studiar i Oslo, Stockholm, Wien og København var han tilsett i Oslo Filharmoniske Orkester.  I 1977 starta han Det Norske Kammerorkester. Han vart så konsertmeister for Trondheim Symfoniorkester og professor ved NTNU. Ved å stifte TrondheimSolistene (som han leia frå 1988 til 2001) la han grunnlaget for eit av landets (og Europas) mest suksessrike orkester.  Fiskum er kommandør av St. Olavs Orden og har m.a. fått fylkeskulturpris både for Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag (den siste saman med TrondheimSolistene). 

Sigrid Vetleseter Bøe foto: Bernt B.

Laurdag leier han framføringa av Joseph Haydns populære «Lerkekvartett» og Dmitri Schostakovich’s uttrykkfulle Kvartett nr. 3 og sørgjer for velklingande tonefølgje til unge Sigrid Vetleseter Bøe. Det er Todalen sokneråd og Todalskoret som arrangerer konserten, og vi gled oss stort til denne musikkstunda, seier Borghild Talgø i Todalskoret.

Medlemmar

AMFI Kreativ
Stangvik Historielag
Surnadal Kulturhus
Todalen Elveeigarlag
Todalen Bondelag
Stangvikfestivalen
Svorka
AMFI Surnadal
IL S�ya
Start 4H
Norsk Laksefestival
ICA Todalen
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Skogkompaniet
Todalen Historielag
Gjensidige Surnadal
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Surnadal Regnskap AS
Surnadal Kommune
Surnadal Sparebank
Trollheimsporten
Todalen Småbåtforening
Talgø Møbelfabrikk AS
Viastua Gardsprodukt
Driva
Søya og Todalen Skytterlag
Studio Saksen
Rossåa Settefiskanlegg
Kombi Regnskap
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Sanitetsforening
Todalshytta
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalen Idrettslag
Todalen Sokneråd
Kårvatn Fjellutstyr
Sparebank1 Midt-Norge
Nordvik Grendalag
Todalen Brygge
Eldremiddagen
Skulstuå i Todalen

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 18. mai: Arboretet er pinseope
    • Lør 18. mai: Pinsefeiring
    • Lør 18. mai: Pinsebål og grilling
    • Man 20. mai: Sykkeltrim
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør