Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert med skikkeleg julestemning

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. desember 2018

Prosjekt 17-koret sørga for å føre tradisjonen med julekonsert vidare i Todalskyrkja. Det var ei fantastisk oppleving å høyre korsongen, orgelmusikken og allsongen, og dersom du ikkje kom i julestemning med eit slik program så er du nok eit håplaust tilfelle.

Det var sjølvsagt dirigenten for Prosjekt 17-koret, Bernt Bøe, som hadde regien på heile programmet under denne konsertkvelden. – Han hadde mykje å by på, og presenterte både kjente og meir ukjent julesongar frå nærast heile verda – iallfall frå 12 land. Da har vi vel dekning for å kalle det for «Jul utan grenser».

Prosjekt 17-koret med dirigent Bernt Bøe. Koret opptrer både som blandakor, damkor og mannskor. Foto: Jon Olav Ørsal

Sopranen Sigrid V. Bøe var med som solist og som forsterkning til koret.   Foto: Jon Olav Ørsal

Med seg på konserten hadde han som sagt Prosjekt 17-koret som denne kveld sto fram både som blandakor, damekor og som mannskor. Frå koret var Øystein Moe og Anne Lise Wullum solistar, og i tillegg var koret forsterka med sopranen Sigrid Vetleseter Bøe og med Tor Strand på orgel og piano.

Eit lite jubileum var og markert. Julesongen Stille Nacht – eller Stille natt på norsk kan i år feire 200-års jubileum. Den vart framført første gong på julaftan 1818 i St. Nicolai-kyrkja i Oberndoft. Stille natt gjekk straks verda rundt, og her på berget vart den skrevet om og teken i bruk i 1850. i kveld vart den framført i originalversjonen.

Konserten runda av med «Deilig er jorden», og vi sluttar oss til orda til Bernt Bøe sa at vi må let oss tru på det. Både Bernt, Sigrid og Tor fekk blomsterhelsing og takk for innsatsen frå kormedlemane i Prosjekt 17-koret.

Organist Tor Strand er fast inventar når det er julekonsert i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det vanka litt blomster – her er det Sigrid V. Bøe som for ei påskjønning frå koret. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. desember 2018, 23:17