Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert i Stangvik kyrkje, i dag.

Elinor Bolme Sundag 31. oktober 2010

Frå Oddveig Helset Halle har vi motteke ein epost om konserten som skal vere i Stangvik kyrkje i dag . Ho skriv; «På ettermiddagen i dag er det duka for ord og tonar i Stangvik kyrkje der vi får høyre sopran Lone Eines med tonefølgje av kantor Oddveig Helset Halle
på orgel/piano. Berit Anne Røkkum les tekster av salmediktaren Edvard Hoem.

På programmet står mellom ann religiøse folketonar og kyrkjemusikk av nyare dato; Knut Nystedt, Egil Hovland og Odd Johan Overøye.
Vi får òg høyre 2 vakre ariar av J.S.Bach og Mozart.Og til slutt ei avdeling med songtekster av Edvard Hoem ; tonesatt og arrangert av Henning Sommero. Velkomne til ei fin stund i kyrkja!»

Publisert: 31. oktober 2010, 08:07