Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konfirmasjonsgudstenestene er utsette til over sommaren

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. mars 2020

Det er bestemt at alle kyrkjelege konfirmasjonar i kommunen blir utsette til over sommaren. Etter råd frå biskopen er det ikkje sett nye datoar for når det blir konfirmasjonsgudstenester i dei ulike sokna.

Sokneprest Kristin Strand skriv at biskop Midttømme meiner at situasjonen p.g.a. koronaviruset er for uviss til å fastsette  tidspunkt for konfirmasjon no, og at sokneprestane i Surnadal og Stangvik har vald å følge rådet frå biskopen. 

 

Publisert: 21. mars 2020, 11:09