Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konfirmantfest og jubileum

Konfirmantfest og jubileum

Jon Olav Ørsal Måndag 2. september 2013

Komande helg er det markering av 50-årsjubileum for konfirmantane i 1963. Det året var det 11 konfirmantar i Todalen kyrkje, og laurdag 7.9. om kvelden er dei invitert til jubileumsmarkering i Todalen ungdomshus, saman med årets konfirmantar og andre som har lyst til å delta. Søndag 8.9. er jubilantane spesielt invitert til å ta del i gudstenesta i Todalen kyrkje.

Laurdag kveld startar jubileumsmarkeringa kl 19.00, og det blir servert middag. Elles blir det underhaldning, kaffe og sosialt samvær. Kveldens underhaldning er dei unge friskusane Håkon Vang Aas og Bersven Røkkum, som vil vise lysbilete og kåsere om «Gutta på tvers», frå deira lange vandretur i fjor, da dei gikk frå Femunden i Hedemark, via Sverige til Ålvundfjord. Alle er hjarteleg velkomne til jubileumsfesta, og det er ikkje nødvendig med påmelding!

Publisert: 2. september 2013, 11:43