Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Konfirmantfest i Ungdomshuset

Konfirmantfest i Ungdomshuset

Ingrid Talgø Måndag 14. september 2009

Rundt 60 personer starta med sildball, potet og grønnsaker og det smaka godt. Takk til kokkane Jenny Kvendset og Jon Olav Roaldset. Presten var toastmaster og losa oss gjennom kvelden. Det var mykje allsong. Hans Olav Settem, Jon Vegard Venås og Jon Husby underheldt frå scena med song og spel.

Det var òg konkurranse, og «Bord 4» vann! Loddsalg med fine gevinstar innbrakte over 5000 kroner. Kaffe og Kaffebrød smaka godt. Todalssongen blei songe til slutt før alle gikk gode og mette heim. Takk for ein koseleg kveld.

Sundag var det gudsteneste med konfirmantpresentasjon og dåp. Du kan sjå bilete frå helga nedanfor.

Publisert: 14. september 2009, 19:43