Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kommunen  informerer  om  vasstilstanden

Kommunen informerer om vasstilstanden

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2013

Surnadal kommune kjem med denne meldinga til redaksjonen no i kveld:

«Informasjon om vassforsyninga i kommunen:
Abbonentar i Stangvik er framleis utan vatn. Det er uvisst når desse får vatnet attende. Vatn må hentast ved aldersheimen.

Abbonentar i Todalen har vatn førebels.

Mange enkeltbustader og gardsbruk rundt om i kommunen er vasslause.
Om nokon treng vatn utkjøyrd kan teknisk vakt varslast på telefon 416 35 388.

Surnadal kommune kjem med meir informasjon måndag.»

Publisert: 27. januar 2013, 21:20