Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kommunale vassabonnentar utan vatn

Kommunale vassabonnentar utan vatn

Elinor Bolme Onsdag 23. januar 2013

Kveldens befalsvakt Tor Arne Moen i Surnadal kommune melder til todalen.no no i kveld at alle dei som har kommunalt vatn i Todalen, desverre er utan tilgang på vatn på noverande tidspunkt. Kommunalteknisk avdeling er ankommet Todalen og arbeider kontinuerlig med saka. Problemet er at det er for lite tilsig av vatn til brønnen ved Bjøråa. Dei arbeider derfor no med å forsøke å lede vatn frå andre vasskjelder inn i brønnen. Vakthavande kan desverre ikkje setje noko tidestimat på når dette arbeidet er ferdig og vatnet renn igjen. Siste nytt er at dei ikkje finn vatn i heile tatt og at abonnentane kjem til væra vasslause utover dagen i morgon óg. Kommunalteknisk avdeling skal ha eit møte i morgon tidleg om vidare tiltak. Skulen vil vera open som vanleg, men med ekstra vasstilførsel frå eksterne kjelder.

Publisert: 23. januar 2013, 22:26