Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom og få fart på pinnane

Elinor Bolme Laurdag 25. februar 2017

I dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen.  Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om  du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.

Foreninga har garn til disposisjon om nokon vil strikke til for eksempel basar eller NKS sin søsterorganisasjon i Etiopia.

Enkel servering.

Neste strikkekaffe blir laurdag den 25. mars.

Publisert: 25. februar 2017, 04:49