Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom med lopper til Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2019

Loppemarknaden under Todalsdagen begynner å bli ein skikkeleg tradisjon, og har skaffa mykje inntekt til Todalen I.L.  Det er Fotballgruppa og Trimgruppa som deler inntekta frå loppemarknaden som årleg kjem på rund 20.000 kroner.  No er det igjen tid for å rydde i kjellar og på loft for å finne fram høvelege lopper som kan seljast under Todalsdagen.

Det er viktig at det er brukbare/salgbare lopper som arrangøren kan få nokre kroner for. Det kan være alt mulig, gjerne bøker av ymse slag, men ikkje klær. Klærne er det sanitetskvinnene som sørger for innsamling og omsetning av, seier sjefsloppa Borghild Talgø som gjerne vil ha barneleker som er populære.

Kom til reiskapshuset på Bordholmen og lever lopper  fredag kveld (28.6.) frå kl. 20.00 og utover kvelden, – eller når vi opnar kl. 9 laurdag morgon oppfordrar Borghild Talgø.  

Publisert: 28. juni 2019, 16:00