Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom luftvegen til møte på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Fredag 29. august 2014

Talgø har mykje besøk av forhandlergrupper og kjeder på utstillingssenter ved Storfossen i Todalen. Fredag var det regionmøte i Hageland-kjeden som var samla frå heile Midt-Norge, og dei fleste hadde sitte fleire timar i bilen på tur til Nordmøre og Todalen. Ein av dei som deltok på møtet, var Eivind Gynnild, som kom frå Stiklestad i Verdal.  Han ringte og bestillte seg skyss frå flyplassen i Surnadal, og var klar til å dra frå «flystripa» i kornåkeren til naboen på Stiklestad kl 10.45, og kl 11.35, altså 50 minutt seinare kunne han hentast på Fiske Lufthamn på flyplassen til Ivar Fiske i Øvre Surnadal.

Han brukte rundt 50 minutt, og fortalte at han hadde bruka 10 minutt meir enn han rekna med på grunn av mykje motvind, som utgjorde 30 km/t.  Nokre minutt over 12 var han på plass på Gammelfabrikken, og klar til å starte møtet.

DSC_6035


På heimturen til Verdal fikk Gynnild følgje av ein kompis som hadde mellomlanda på Fiske på tur frå Vinnu i Sunndal. Frå venstre Stian Vaaden, Trude Liavåg og Eivind Gynnild rett før start frå Fiske Lufthamn. Foto: Jon Olav Ørsal

På heimturen var fikk han følge med ein kompis som mellomlanda på Fiske lufthamn, på veg frå Vinnu lufthamn i Sunndal. Dei starta heimturen frå Surnadal litt over kl 17, og SMS ein time seinare bekrefta at han var heime i stua på Stiklestad etter ein fin flytur nordover i sol og klart haustvêr.

Dei fortalte at dei einmotors flya går i rundt 200 km/t marsfart, og 98 oktan bensin er drivstoffet dei brukar. På turen frå Surnadal til Verdal, som iallfall tek 3-3,5 timar med bil, brukar dei 12-13 liter drivstoff. Da kan du snakke om miljøgevinstar og null slitasje på infrastrukturen i samanlikning med bruk av bil. Eit slikt fly kostar rundt 1 mill som nytt, men du kan kjøpe eit brukt fly i god standar for rundt kr 400.000, mente Gynnild.

Kanskje flyplassen på Syltøran vart skrinlagt for tidleg?

Nokre bildeglimt frå ein travel dag på Fiske lufthamn i Øvre Surnadal.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. august 2014, 21:44