Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
740.000 m2 med møblar og interiør

740.000 m2 med møblar og interiør

Jon Olav Ørsal frå Köln Laurdag 21. januar 2012

Det er dimensjonar over møbelmessa i Köln! Både «Bygg Reis Deg på» Lillestrøm og den tidlegare Ålesundsmessa blir nok som kebabkioskar å rekne i samanlikning med møbel- og interiørmessa i Köln. Den har utstillingar i 11 hallar, på tilsaman 740.000 kvadratmeter golvflate, og for å gi eit inntrykk av kor stort areal dette er så kan vi samanlikne med 102 fotballbanar med internasjonale mål. Skal du sjå alt, så er det både tidkrevjande og du må ha gode sko.

Kölnmessa er vel nerast som møbelbransjens Mekka å rekne i Europeisk målestokk. Her samlast møbelfolk frå heile verda for å vise kva dei har å by på og for å knytte kontaktar med andre møbelfolk – både forhandlarar, produsentar og andre interesserte. På årets Kölnmesse var det rundt 5.200 utstillarar, og i løpet av den veka messa varer er det rekna med at rundt 376.000 besøkande kjem til messa, enten for å selje eller for å kjøpa møblar og anna interiør.

Todalen var representert med ein delegasjon frå Talgø, og i tillegg var Terjes handelsagentur der som norsk agent for den tyske kontorstolfabrikanten Top Star. Talgø har ikkje utstilling der, men var der for å følge med kva som skjer i markedet, og for å knytte aktuelle kontaktar i marknaden. Det er viktig å følgje med i trendar, både når det gjeld treslag, fargar og ikkje minst design.

Mange av dei 5200 utstillarane hadde lagt ned ein enorm innsats i sine utstillingar, og her kan du finne og sjå absolutt alt som tilbys for marknaden. Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå Kölnmessa 2012, der vi prøvar å gi eit lite bilde av dimensjonane og mange av dei fine utstillingane.

Bildegalleri frå Kølnmessa 2012     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. januar 2012, 19:57