Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KNT: Todalshytta søker etter nye drivarar

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. desember 2018

Kristiansund og Nordmøre turistforening søkjer etter nye drivarar til Todalshytta for neste sesong. Todalshytta vart bygd i 1901 – i engelsktida – av Ethelbert Lorth Philips som på den tida dreiv med både jakt og laksefiske på Nordmøre.  Etter krigen overtok KNT Todalshytta og har drive hytta både for eiga rekning og som utleie i denne perioden.

No er eit omfattande oppgraderingsprogram i gang på Todalshytta, der elanlegget blir skifta ut i tillegg til bygningsmessig vedlikehald slik at hytta er klar til bruk ved sesongstart i juni.  Det er mykje gamal laksefiskerhistorie i veggane på Todalshytta, og hytta er eit ynda tilholdstad for laksefiskarane i Toåa.

Er du interessert finn du meir info i annonsen nedafor og der ligg også info for kontakt med KNT.

 

Publisert: 20. desember 2018, 14:11