Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kneskade ga helikoptertransport

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2020

Eit par turistar som var på veg frå Trollheimshytta til Kårvatn fekk skyss med luftambulansen etter at den ene fikk ein kneskade.  Det skjedde i området Naustådalen og vedkommande vart henta av luftambulansen rundt kl 21 fredag kveld.

Det var ei stund uklart om det var såpass høgt skydekke at ein kunne gå inn med helikopter, men det gikk bra og den skadde turisten var raskt henta ut. Rindal RK og Surnadal RK  Hjelpekorps hadde  patruljer på Kårvatn med tanke på assistanse via ATV og fotpatrulje, men det vart altså ikkje nødvendig.  

Publisert: 10. juli 2020, 21:28