Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KM i friidrett på Tingvoll

Elinor Bolme Onsdag 22. januar 2014

Laurdag 1. februar inviterer Tingvoll IL til innandørs kretsmesterskap i friidrett i Tingvollhallen. Ski- og friidrettgruppa i Todalen håpar at nokon frå vårt idrettslag også kunne tenkt seg å delta. Leiar Ole Martin Øyen lokkar både med fri reise og deltakaravgift.

Klassane det skal konkurrerast i er i 11-19 år og veteranklassar.

Øvingane er 40 meter, 40 meter hekk, lengde, høgde, kule og høgde utan tilløp, med medaljer til dei tre beste i kvar øving.

Er du interessert, ta kontakt med Ole Martin Øyen innan påmeldingsfristen 28. januar. Telefon 928 08 194.

Sjå heile invitasjonen her: KM innandørs i Tingvollhallen

Publisert: 22. januar 2014, 21:47