Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klubbmøte Start 4H

Van Adrian Ansnes Sundag 28. april 2019

På siste klubbmøte tysdag 23.april sette vi ein lavvo ved Skulstuå (gammelskulen). Det måtte mykje til for å få den opp. Først sette vi jernstenger ned i jorda og sette opp ei jernstang i midta. Alle hjalp til med å sette opp lavvoen. Då lavvoen var ferdig sett opp hadde vi quiz inne i lavvoen. Ylva Synnøve og Selma vann quizen med 7 poeng. Til slutt var det mat og drikke til alle samen. Ragna og Line var kokkar. Så drog vi heim.

Eit vanleg møte i Start 4H:

På eit vanleg møte startar vi med å snakke om kva vi skal gjere framover. Vi snakkar om kva prosjekt vi skal ha fram mot haustfesta. Vi har så ein kort pause. Etterpå snakkar kvar enkelt om prosjektoppgåva si og får veiledning og råd av Ragna og Line om korleis vi skal legge opp og gjennomføre prosjekta våre. Så blir det quiz og kveldsmat.

Quiz i lavvoen til slutt. Foto Ragna Kvendset.

Publisert: 28. april 2019, 21:02