Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturgruppa frå Halsa på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. juli 2020

Kløverturgruppa i Halsa sanitetsforening la onsdag 1. juli Kløverturen sin til Todalen; avslutning på vårsesongen 2020.

Turen starta frå kyrkja. Foto: Marit S S

Tretten trimdamer var med på utflukta til Todalen, og ved kyrkja vart dei møtte av Marit Sanden Søyset og Synnøve Hole Talgø som stilte som «kjentmenn». Første post på programmet var vandring i Toåa tursti; dei vart imponerte over anlegget; både traseen, gapahuken og fiskeplassen.

Litt surt og kaldt i starten av turen. Foto: Marit S S

Etterpå gjekk turen opp til Gammelfabrikken og Storfossen; her syntest dei at det var kjøle fint og dei beundra fossen som var stor og mektig! Mange av turdeltakarane hadde aldri vore  inst inne i Brusetmarka før; ein treng ikkje alltid å reise så langt for å sjå «nytt land».

Turfølget ved Storfossen. Foto: Marit S S

Programmet var stramt, for kl. 13.00 venta det lunsj på Todalshytta, her fekk dei servert nydeleg grillspyd; fin og interessant plass og altså god mat!

Lekker lunsjtallerken! Foto: Marit S S

Brynhild Betten og Gunnbjørg Klevset er leiarar i Kløverturgruppa i Halsa. Dei kunne fortelje at det er tredje året dei har Kløvertur, og at dei har fast turdag annakvar onsdag. Dei fleste som er med på turane, er godt vaksne, altså pensjonistar, og at dei som oftast går etter skogsvegar og skogstigar.

Halsalendingane var kjøle godt fornøgde med dagen i Todalen, og ikkje minst var dei svært glade for at Marit og Synnøve frå sanitetsforeininga i Todalen stilte som guidar!

Veret vart betre utover dagen. Fint på tur oppover mot Kvennsetgardane. Foto: Dordi J H

Publisert: 1. juli 2020, 20:57