Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløverturen med befaring i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. september 2019

Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.

Kjekt å vera ute på tur. Frå venstre: Åse Johanne, Dordi H, Ingrid, Jorunn Gislaug og Dordi F. Foto: Dordi J H

Ved Båhølen er arbeidet i full gang. Foto: Dordi J H

Kløverturen gjekk frå Hals bort til Halsabrua og etter stien bort til gapahuken i Gunnøya. Her vart det triveleg kaffepause. Vidare gjekk vi i retning Båthølen, her var det full aktivitet med store maskinar. Karane hadde det travelt og var effektive – så det vart korkje sjølfi eller prat med dei.

Frå Båthølen gjekk vi etter den nye traseen opp til vegen – overraskande fint å gå sjølv om det er midt i anleggstida.

Det blir kjekt å følgje arbeidet vidare framover, og Kløverturen vil nok bli ein flittig brukar av Toåa tursti.

Fleire bilete:

I dag vart det henta masse frå elva og lagt i turstien. Foto: Dordi J H

Her går turfølgjet etter ny trase. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 2. september 2019, 21:09