Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur ute i liene på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. oktober 2017

Kløverturen måndag 23. oktober blir etter fin skogsveg i liene ovafor Nordvik. Oppmøte ved Halsbua kl. 11:00, samkjøring derifrå utover til Nordvik, der vi kjører eit stykke oppover skogsvegen som startar ute i «Rabban».

Skogsvegen går i retning Åsbøsnyta, men det er ikkje målet for turen, vi skal ikkje gå så langt. Eit stykke oppe i lia er der det ein rasteplass, så der blir det pause og tid til å nyte kaffe og matpakke.

Tur og trim i lag gjer godt – alle er velkomne til å bli med ut og gå!

Trimgruppa i Til på tur ute i skogsveg på Nordvik i 2016. Foto: Dordi J H

Publisert: 22. oktober 2017, 11:11