Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Storhaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. mai 2017

Klare til start inne i Brusetmarka. Kjentmann Jon Bruset til venstre. Foto: Dordi J H

Målet for Kløverturen denne veka var Storhaugen. Det er eit kjent og mykje nytta turmål i Todalen, idrettslaget har hatt trimbok der ei årrekke, og dei siste tre åra har det også vore Stikk UT!-post her. Men likevel hadde ikkje alle turdeltakarane vore her før, og dagens rute var ukjent for dei fleste. Jon Bruset var med som kjentmann.

Utsikt innover Brusetmarka. Vi ser mellom anna Toåa, Gammelfabrikken og vegen oppover Falla. Foto: Dordi J H

Turen starta inne i Brusetmarka, ved stamlaksehuset til Statkraft. Derifrå gjekk vi etter fin, grasgrodd skogsveg oppover og utover Bjørålia til enden av vegen. Deretter gjekk vi etter tydeleg stiga litt opp og utover myra framover til utkikspunktet oppå Storhaugen. Turen har ei stigning på bortimot 300 høgdemeter, men det er berre ein skikkeleg bratt bakke etter denne turruta. Mange av turdeltakarane syntest dette var eit flott alternativ til dei meir tradisjonelle og merka rutene.

Det er kjøle fint å gå oppover skogsvegen i Bjørålia. Foto: Dordi J H

 Jon Bruset fortalde om aktivitet i området før i tida da det var beiteområde i staden for granskog og det vart teke lauv på almen; det ser vi merke etter på almpilane. No i dag er det kommnualt vassverk i Bjøråa, og Statkraft har anlegg for stamlaksen frå Toåa her. Vi såg på planter, og fekk vite namn på plassar.

Oppå Storhaugen – på veg mot utkikspunktet. Foto: Dordi J H

Oppå Storhaugen vart det akkurat plass til alle attmed bordet, og det vart kaffe med godsaker attåt. Litt sur vind oppå toppen, men flott utsikt!

Turfølgjet delte seg i to på nedturen, dei fleste tok same vegen nedatt, medan andre gjekk over til Skarsmyra og ned skogsvegen i Nordlia og kom ned ved Bruset. Det er mange vegar som fører til Storhaugen!

Neste Kløvertur er 12. juni, og da blir det ein lettare og kortare tur. Plana er å gå etter skogsvegen på austsida av Bjøråa og oppå Tjønnmyranj.

Velfortent pause! Frå venstre: Dordi Jorunn Halle, Kari Kvendset, Dordi Fedje, Jean Kvendset, Sigrun Ørsal, Jorunn Husby, Marit Sanden Søyset, Dordi Hals Todalshaug, Åse Ville Redalen, Berit Kårvatn. Foto: Jon Bruset

 

 

Publisert: 29. mai 2017, 17:26