Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Øygardshalsen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. september 2018

Måndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for  skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt.

Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på turen ein veg er 1,7 km og det er berre 85 høgdemeter. Fint underlag. Oppmøte på Hals og så samkjøring utover til Vang. Det blir matpause så ta med mat og drikke.

Yr melder fint ver, men om det blir dårleg ver, går turen frå Ungdomshuset og oppover skogsvegen i Øyalia.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Det er spennande med eit nytt turmål!

Først publisert: 2. september 2018, 09:30 - Sist oppdatert: 1. september 2018, 23:11