Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur med strandrydding

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. april 2018

Årets strandryddedag er laurdag 5. mai og er ein del av strandryddeveka frå 30. april til 6. mai. Derfor blir Kløverturen måndag 30. april tur med strandrydding, – vi skal altså ut å «plogge» –  både trimme og plukke søppel!

Som vanleg er det oppmøte ved Hals, tur utover til Småbåthamna der det blir base. Det blir så strandrydding både i retning fabrikken og Rossåa, HAMOS stiller med sekkar, men det er lurt å ha med hanskar. Vi legg inn tid til kaffepause. Viss det blir for lite trim med å plukke søppel, kan ein ta retur om Løfta tilbake til bua. Vi håpar riktig mange blir med på tur der vi samstundes gjer ein innsats for miljøet!

Faktisk så er det denne veka strandrydding over heile Norden: Danmark, Færøyane, Island, Grønland, Sverige, Åland og Finland.

Fint å vandre langs Toåa. Foto: Dordi J H

Kaffepause i gapahuken nede på Brusetnesset. Foto: Dordi J H

Turen denne veka, måndag 23. april, gjekk frå Bruset og langs elva til Fosstrøinn, rundt Brusetnesset, over Hengebrua og tilbake utover Halaneset og Ramsøydalane. Dette er ein fin tur viss ein ikkje er så glad i bratte bakkar.

Kva spennande er det damene ser? Foto: Dordi J H

Svaret er skarlagen vårbeger – ein vårsopp med nydeleg raudfarge. Foto: Dordi J H

Publisert: 25. april 2018, 21:54