Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur måndag, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.

Turen blir etter allmannvegen bort til Halsabrua og nedover mot Todalsøra og kanskje vidare utover Ansnesvegen. Kvar og ein kan gå i eige tempo og bestemme turlengde sjølv.

Yr melder mildt ver, vind frå aust og kanskje litt nedbør. Auståver tyder kanskje at det ikkje blir så mykje nedbør?

ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED UT PÅ TUR!

Vel møtt!

Publisert: 21. februar 2021, 11:52