Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur innover Ramsøydalane

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. september 2019

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!

Plana er å samkjøre oppover til Halagrenda der det blir parkering ved garasjen innafor Bakkan. Turen går så innover til Brusetbrua, etter grusvegen forbi Lykkjå og Skogstad, vidare innover til Ramsøya og Heggøyan. Her kan ein enten gå same vegen tilbake eller ta ein rundtur om Hengbrua og utover att på Brusetsida. Sjølvsagt kan ein snu undervegs slik at turen blir så lang kvar enkelt ønskjer.

 Yr melder ikkje det beste veret for måndag, men det ser ut til å bli minst regn på føremiddag. Kaffepausen blir på bua etter turen.

VEL MØTT!

Publisert: 29. september 2019, 08:57