Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i vårver

Dordi Jorunn Halle Måndag 17. februar 2020

Måndag 17. februar skein sola, gradstokken viste 12 varmegrader og det var lite vind, mest som ein fin vårdag. Vegen var berr og tørr, og det vart ein retteleg fin og triveleg Kløvertur utover Stranda.

Mange med på tur dag. Frå venstre: Jorunn Ø, Marit og Mia, Anne Helene, Sigrun, Dordi F, Dordi V H, Eli, Kari, Åse Johanne, Synnøve, Arndis, Helen, Jorunn H. Foto: Dordi J H

Heile 14 trimmarar vart med på tur; godt å koma ut etter mykje styggver den siste tida. Derfor vart det gått langt utover Stranda forbi Eggesvaet, nesten ut til Morkussteinen. Det er litt hardt for føtene å gå etter asfalt, men det viktigaste for Kløverturane er trygt og godt underlag. 

Neste måndag er det ny Kløvertur, turruta blir bestemt ut frå ver og føre. 

Litt mimring om det store raset som gjekk 31. juli 2013. Foto: Dordi J H

Mia, triveleg og grom turvenn. Foto: Dordi J H

Kjekt med rasteplass. Fint å sjå innover mot Skjerdingfjellet og Snøfjellet! Foto: Dordi J H

Publisert: 17. februar 2020, 15:11