Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. mai 2019

Sanitetsforeninga melder at Kløverturen måndag 27. mai blir i Svinvikrunden. Oppmøte som vanleg ved Matkroken/Halsbua: MEN det blir start frå bua kl. 10.50, altså litt tidlegare enn vanleg. Grunnen er at Rindal sanitetsforening også skal ha Kløverturen sin i Svinvikrunden måndag, og dei planlegg å vere i Svinvika kl. 11.00. Kløverturgruppa synest det kan vera kjekt å få eit treff med turgåarane frå Rindalen.

Samkjøring frå Hals og utover til parkeringsplassen i Svinvika. Ta med mat og drikke.

I følge YR skal veret bli ganske bra, men litt surt og kaldt og kanskje nokre regndropar.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Fint med kaffepause på Kammen. August 2018. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 26. mai 2019, 10:00