Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i riktig godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 23. september 2019

Skodda låg tjukk måndag morgon, men da Kløverturgjengen starta frå Todalsøra letna ho litt etter kvart. Det var mest litt trolsk stemning da vi gjekk langs fjorden utover mot Nessahaugen. Da trimmarane nådde Ansneset var det klårt og fint, og etter kvart vermde sola godt.

Fin dag! Frå venstre: Jorunn, Marit, Kari, Arndis, Gro, Eli, Åse, Synnøve, Dordi. Foto: Dordi J H

På tur innatt til Todalsøra, vart det stopp ved Ansnessaga. Der var det både bord, benkar og stolar og ein fin plass for kafferast.

Det er kjekt å gå tur i lag, og det blir ny Kløvertur neste måndag, 30. september.

Kaffepause ved fjorden. Stille og fint! Foto: Dordi J H

Trolsk stemning i skodda! Foto: Dordi J H

 

Publisert: 23. september 2019, 17:02