Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i retteleg fint haustver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. september 2020

Siste måndagen i september gjekk Kløverturgjengen frå Innerdalsmerket til Kårvatn. Sola skein, det var varmt og godt; meir som ein sommardag og herleg turver!

Triveleg med husdyr langs vegen. Foto: Dordi J H

Turgåarane kosa seg; dette er ei fin og idyllisk turrute langs elva innover til Kårvatn. Målet for turen var Sagstuå, der vart det kaffelag på trammen. Helga serverte både eplekake og kaffe, og det vart ei lang og triveleg pratestund.

Altså Kløvertur heilt etter oppskrifta; både mosjon og sosialt samvær.

Ei god stund! Foto: Dordi J H

21. september gjekk turen frå Ungdomshuset til enden av skogsvegen i Øyalia; ein lang tur og med ganske mange høgdemeter. God trimtur, altså!

Oppe i Øyealia ved trimposten. Foto: Dordi J H

Måndag 5. oktober blir det tur i Toåa tursti. Kan hende vi kan få nok ein finversdag til Kløvertur!

Ved Sagstuå. Frå ventsre: Solveig, Synnøve, Jorunn H, Helen, Kari, Arndis, Helga, Dordi Jorunn, Jorunn Ø, Karen Johanne. Bak kamera: Jon B.

Da fotografen tok ein liten avstikkar, møtte ho denne krabaten som også var ute på tur i sola. Foto: Dordi J H.

 

Publisert: 28. september 2020, 21:37