Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i nydeleg haustver

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. oktober 2019

I motsetning til siste måndagen i september kom første måndagen i oktober med nydeleg haustver; stålande sol frå skyfri himmel og vindstille, men kaldt. Mykje snø i fjella, og mange kuldegrader om natta.

Kløverturen var lagt til Nordvik, og det var eit godt val! Her stenger ikkje høge fjell for sola, og Kløverturgjengen gjekk i sol heile vegen. Godt!

Fin dag for Kløvertur: Frå venstre: Dordi, Sigrun, Arndis, Eli, Helga, Åse Johanne, Jorunn Gislaug, Marit, Ester Karin, Jorunn. Foto: Dordi J H

Turruta gjekk frå Rabbleet om Åsbøhagan og Sjøtrøa utover til Haltbakkan. Dette er ei kjøle fin og triveleg turrute som er god å gå. Og det er fin utsikt mot fjell og fjord, både innover  og utover Todalsfjorden, rett og slett berre flott!

Kafferast i ein fin gapahuk, her vart det lang pause; tida går fort i godt lag!

Neste måndag blir KløverRUSLEtur, og etterpå er det lunsj i Sanitetshuset. Langtidsvarselet lovar godt ver, så det kan bli ein nok ein fin dag.

Fleire bilete frå Kløverturen:

Geitene ute i Haltbakkan kom for å helse på oss – triveleg! Foto: Dordi J H

Fin dag – utsikt mot Nordvik og Ytter Sulå. Foto: Dordi J H

Fint ved fjorden ute i Haltbakkan. Foto: Dordi J H

Godt med pause! Foto: Dordi J H

Publisert: 7. oktober 2019, 17:36