Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i friskt ver og vårdugnad.

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. mai 2019

Etter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.

Turfølgjet. Frå venstre: Jorunn, Åse, Jorunn, Helga, Arndis, Dordi, Jean. Foto: Dordi J H

Snødekt mark, ein måtte passe godt på å plassere føtene trygt i underlaget! Foto: Dordi J H

Kontrastane er store, for ei veke sidan, siste måndagen i april, gjekk turfølgjet i kortermar og med bare leggar; i dag var det på med ull-longs, lue og vottar igjen! No er det berre å håpe at snøveret gjev seg fort! Men Kløvertur er det uansett ver!

Neste måndag er det ny Kløvertur, da er det plana å gå den nye Stikk UT!-runden om Tjønnmyran.

Åse pussa glas både utvendig og innvendig. Foto: Dordi J H

VÅRDUGNAD

I Sanitetshuset var det dagen for vårdugnad. Da det var snø på plena og i beda, vart det ikkje noko utearbeid i dag. Men innomhus gjekk det unna med velvask og omfliing i alle romma. Sjølv om Sanitetshuset er fint bruka, trongst det både vasking og lufting fann dugnadsgjengen ut.  Triveleg både å jobbe og gå tur i lag!

Fleire bilete frå dugnad og tur 6. mai:

Jorunn og Kari rydda og vaska kjøkkenskåpa. Foto: Dordi J H

Alle putene vart lufta og banka. Foto: Dordi J H

Dugnadskaffe. Rundt bordet: Sigrun, Åse Johanne, Kari, Synnøve, Jorunn Ø, Arndis, Jorunn H. Foto: Dordi J H

Snart i mål! Sigrun og Jorunn. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 6. mai 2019, 16:50