Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KløverRUSLEtur på måndag, siste før ferien!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. juni 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til RUSLETUR – Kløvertur måndag 24. juni. Denne gongen er det oppmøte ved SANITETSHUSET kl. 11:00. Viss det er fint og stille ver, blir det Rusletur utover til Småbåthamna med base der. Er det sur vind, blir det base ved Sanitetshuset.

Dette er siste Kløverturen før ferien. Det blir sosialt samvær med kaffe og enkel servering.

Yr melder 17 grader og svak vind for måndag, da er det store sjansar for at vi kan få ein fin dag i Småbåthamna.

Den som treng skyss, kan ta kontakt med:

Jorunn Ørsal, tlf.: 942 78 914 eller

Dordi Jorunn Halle, tlf.: 924 58 007.

ALLE ER VELKOMNE TIL TRIM OG SOSIALT SAMVÆR!

Kløverturen måndag 17. juni gjekk i godt ver frå Bruset til Fosstrøinn, vidare til  gapahuken nedanfor Brusetnesset og vidare innover til Hengebrua og ut att om Ramsøydalane. Dette var Kløvertur nr 80 i regi av Todalen sanitetsforening; i snitt har det vore med 12,5 personar på kvar tur. Da blir det altså ca. 1000 utførte turar frå 13. februar 2017 og fram til no.

Her kjem det bilete frå turen 17. juni:

Pause i Fosstrøinn. På benken: Anne Lise, Dordi og Sigrun. Bak frå venstre: Kari, Åshild, Jean, Jorunn, Arndis, Dordi, Dordi Ingeborg, Helga, Marit. Foto: Jorunn H.

Blide trimmarar! Foto: Jorunn H.

Pause ved Hengebrua. Kjekt med bord og benkar langs Toåa. Foto: Jorunn H.

Publisert: 22. juni 2019, 20:13