Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kleivaprisen for 2018 går til …

Steinar Hasselø Torsdag 5. april 2018

Det er 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd og det vil bli markert på kulturhuset på sjølve dagen, altså på 8. mai. Meir om det når det nærmar seg.

Men forutan den litterære og lokalhistoriske arven til «bygdadiktaren», gav også Hans Hyldbakk bort pengar som skulle delast ut vidare til kulturelt – og gjerne lokalhistorisk – arbeid med tilknyting til Surnadal. Noko av dette går til utdeling av Kleivaprisen og noko til lokale kulturprosjekt.

Kleivaprisen har vore delt ut sia 1998, og dei som har fått prisen er ramsa opp nedst i teksta. Desse har fått prisen for å ha gjort ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis.

Kjenner du nokon som du meiner fortener prisen, og som ikkje er lista opp under, kan du kome med framlegg på dei til Surnadal kommune seinast 15. april. Namn på kandidat, med grunngjeving, må sendast som anten e-post (post@surnadal.kommune.no) eller via vanleg brevpost (Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal).

Same frist, og forsendingsmåte, gjeld for dei som vil søkje om støtte frå Kleivafondet. Det kan ikkje søkjast om støtte til vanlege driftstiltak, men berre til prosjekt. Ein kan difor ikkje søkje om pengar til å finansiere det t.d. eit lag driv med regelmessig. Driftsstøtte kan laga heller søkje om gjennom dei ordinære kulturmidlane frå kommunen. Denne tilskottsordninga, samt støtte til utbetring av ball- og leikeplassar, har søknadsfrist 30. april (eigne elektroniske skjema på heimesida til kommunen).

Og så har Hans Hyldbakk, for sine «kleivatildelingar», gjort ei anna avgrensing innafor (det utvida) kulturområdet; han vil ikkje støtte fotball og anna stjerneidrett. Så er det sagt.

Desse har fått Kleivaprisen: Henning Sommerro (1998), Styrkår Brørs (1999), John Røen (2000), Jørgen Gravvold (2001), Bernt Bøe (2002), Famntak (2003), Alf Ramsøy (2004), Paula Ranes (2005), Ola Brøske (2006), Eistein Bæverfjord (2007), Holger og Kirsti Skei (2008), Svein Sæter (2009), Trond Larsen (2010), Dordi Skuggevik Tande (2011), Sverre Hatle (2012), Randi Lysø (2013), Svanhild Husby (2014), Fredrik Sjøflot (2015), Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes (2016) og Einar Sødergren (2017).

 

 

Publisert: 5. april 2018, 18:05