Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klatremus kjem, kjem du?

Elinor Bolme Torsdag 28. januar 2016

Sjøl om det er godt over seksti år sia Torbjørn Egner skreiv boka, er «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» stadig like populær for dei minste. Tirsdag 2. februar (kl. 18) kjem alle dyra til Surnadal kulturhus!

Det er ikkje fritt for at Morten Skogmus og mange av dei andre dyra er litt redde for glupske Mikkel Rev. Men dei treng heller ikkje vere så einige om alt muleg dei andre heller: Anten det er bjørnar, stabbursmus, pinnsvin, Harepus, bestemor Skogmus som flyg mellom trea eller Bakarguten som bakar pepparkaker slik at pepparskya står kring han. Men alle blir med når de må redde Brumlemann frå å bli selt til eit sirkus. Og kanskje endar alt godt slik at dei får feira «Bamsens fødselsdag»?

DH Klastremus + reven

Vi kjenner songane og vi kjenner figurane: «Dyrene i Hakkebakkeskogen» er ein norsk klassikar – ei forteljing som alle barn må oppleve! Victoria Productions kjem med full oppsetning til Surnadal, framsyninga er på 1 time og 45 minutt (medr. pause) og innhaldet passar for alle frå tre år og oppover.

Todalen.no har fått tre fribillettar med Surnadal kulturhus. Send e-post til oss seinast søndag og så skal vi trekke ut tre vinnarar på måndag (maks. ein billett for kvar husstand). Og har du allereie kjøpt deg billett, kan du vinne valfri kinobillett i staden.  Send mail på red@todalen.no

plakat hakkebakkeskogen web

Først publisert: 28. januar 2016, 02:47 - Sist oppdatert: 27. januar 2016, 22:52