Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4-2 – Det vart Moldes dag!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2013

I Todalen ungdomshus har det vore Cupfinale med stor stemning. Kampen blir vist på storskjerm, og eit trettitalss supportarar fulgte overføringa frå Ullevål stadion.

Dei to leirane var omtrent jamnstore, og det oste både optimisme og sjølsikkerheit frå begge tilhengarane. Tippekonkurranse var det også, og det skjerpa nok apetitten ekstra.

Ingen trefte på resultatet i tippekonkurransen, og dermed gikk heile premiepotta i TILs kasse.  Ellers var det sjølvsagt open kiosk, med både snacks og anna godt som ein ektra service til publikum.  Todalen idrettslag var arrangør av den lokale Cupfinalen i Ungdomshuset. Todalen.no var der og lodda stemninga.

I bildegalleriet nedafor finn du bilder både frå arrangementet i Todalen ungdomshus og frå Ullevål stadion, der Elinor Bolme opplevde cupfinalekampen «live».

Foto: Jon Olav Ørsal, Elinor Bolme og Øystein Wiig

Først publisert: 24. november 2013, 14:25 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:43