Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart  for  vegopning  i  morgon  kl  15.00  –  oppdatert

Klart for vegopning i morgon kl 15.00 – oppdatert

Elinor Bolme Torsdag 5. september 2013

Vegen inn til Todalen åpner allerede i morgon kl 15 melder sjefsingeniør Ivar Hol i Statens Vegvesen i ei pressemelding. Arbeidet har gått så bra unna dei siste dagane så Vegvesnet er glade for å kunne åpne vegen tre dagar før først antatt etter siste anslag. Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar og får lysregulering når den er åpen.

Vegen vil fortsatt vere stengt i periodar. Grunnen er at anleggsvegen i fjellsida, som måtte byggast for å rydde rasfarleg stein, no skal fjernast. Dette er det ikkje mogleg å gjere medan det er trafikk på vegen.

Vegen er open alle kvardagar frå 20:00 til 08:00. I tillegg er han open:

Måndag:1100-1130 og 1500-1700
Tysdag: 1100-1130 og 1500-1700
Onsdag: 1100-1130 og 1400-1700
Torsdag: 1100-1130 og 1500-1700
Fredag: 1100-1130 og 1400-1700

Vegen er åpen for ferdsel på helg, frå fredag kl 20.00 til måndag kl 8.00. Dette i samråd med Surnadal kommune. Siste ferjeavgang frå Todalen er fredag 13.45. Siste tur med skyssbåten frå Todalen er 17.30. Skulle det komme endringer vil vi oppdatere.

Når det gjeld skuleskyssen, så vil passeringa bli tilrettelagt slik at all skuleskyss kan passere til ordinære rutetider.

Les hele pressemeldingen fra vegvesnet: Vegen til Todalen opnar fredag 6. september

 Bilder frå arbeidet med klargjering av «omkjøringsvegen».  Foto: Jon Bruset

Først publisert: 5. september 2013, 13:43 - Sist oppdatert: 6. september 2013, 10:33