Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Laurdag: Vi trør i gang Todalsdagen!

Laurdag: Vi trør i gang Todalsdagen!

Jon Olav Ørsal Fredag 28. juni 2013

Siste fredagskvelden før Todalsdagen det tid for å ta de siste skippertak før arrangementet blir blåst igang  laurdag morgon.  Men årets stemnegeneral Knut Bergli såg ut til å ha alt under kontroll, og var stolt over programmet han kunne presentere for årets Todalsdag. Fotball for dei minste står nok i høgsetet, slik som tidlegare år. Mellom tretti og førti lag stiller på Bordholmen i føremiddagstimane på laurdag. Alt kl 09.30 startar dei første kampane, og dei held ballen i gang til siste finalen kl 15.45.  Men hovudattraksjonen blir nok mosjonsløpet «RætaOpp», der ordførar Mons Otnes fyrer laus startskotet kl 12.00.

Men det er mykje som skal ordnast siste kvelden, og da  må «alle på banen» for å få alt ferdig. Ein rundtur til Bordholmen og Ungdomshuset avslørte at mannskapet var i rute med førebuingane.  På Bordholmen var ei gruppe i gang med å førebu loppemarknaden, medan ei anna gruppe monterte eit stort restauranttelt. I tillegg hadde banemannskapa pussa og rydda og drevet slåttonn i fleire dagar. I Ungdomshuset var det «kokkelauget» som var i aksjon. Her vart det lagt til rette for både kjøtt- og fiskrettar, og med salatar og dressing i bøttevis. Til sist var vi innom kjøkkenet til Malee på Brusethaugen, der det vart trylla fra dei lekraste thairettar. Thaimat blir årets store nyheit på matfronten under årets Todalsdagen.

Bildegalleri frå «kvelden før dagen» – den store dugnadskvelden i Todalen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. juni 2013, 20:30