Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart  for  skyteprøve

Klart for skyteprøve

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2010

Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til storviltjakta måndag 28. juni. Vidare utover sommaren blir det 8 måndagskveldar med skyting på lagets skytebane i Ranheimsvingen på Kvanne. Alle kveldane startar skytinga kl 18.00, og varer til kl 20.00.
Ammunisjon til skyteprøven kan kjøpast på skytebanen. Det skal skytast tilsaman 30 prøveskot over to kveldar før du kan ta skyteprøven. Nærare orientering om reglane får du på skytebanen.

Desse måndagskveldane blir det oppskyting på skytebanen i juni, juli og august:
28.6., 5.7., 19.7., 26.7., 2.8., 9.8., 16.8., 23.8., og 30.8.

Publisert: 15. juni 2010, 17:30