Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart for skihelg på Kårvatn

Klart for skihelg på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. januar 2012

Denne helga står i skisportens tegn på Kårvatn, med Norgescup Randonee og Fjelltelemark individuelt laurdag og randonee for lag søndag. Det er allereie eit 50-tal påmeldte til laurdagens konkurransar fortel Kristen Bruset frå arrangøren Todalen Idrettslag  Det er framleis muleg å melde seg på når rennkontoret opnar kl 08.30 laurdag, og fram til kl 09.00. Det er også trimklasse som startar i lag med proffane, så har du lyst til å prøve deg så er det berre stille opp. Meir info om rennet finn du ved å klikke her.

Det er no bra med snø i Dalalia, men på toppane er snøen blåst bort. Startpunktet blir derfor lenger ned enn på Tydalsnebba som var planlagt. Det er ordna godt med partkeringsplassar på Kårvatn, og ser ut til å bli bra forhold for publikum som vil ta ein tur oppi lia for å sjå på rennet frå tilskodarplass. Ta med ski og godt med klær og bli med som heiagjeng!

Ta også med VISA-kortet, for butikken til Kårvatn Fjellutstyr er open på laurdag. Her vil du finne mykje aktuelt utstyr til fjellturen og får mange gode råd med på kjøpet.

Først publisert: 12. januar 2012, 10:17 - Sist oppdatert: 15. januar 2012, 00:53