Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bokslepp frå historielaget – korrigert tidspunkt

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. november 2019

Søndag 17. november er det klart for premiere for årets årsskrift frå Todalen historielag. Det skjer i Todalen ungdomshus, men på grunn av straumutkobling denne dagen må vi justere tidspunktet, og starter difor kl 15.00, men elles går programmet som planlagt. – Da blir det høve til å få utlevert sitt eksemplar som er inkludert i medlemsskapet og det er sjølvsagt høve til å kjøpe heftet for alle.  – Eigentleg er årets årsskrift rekordtidleg ferdig, og det er vi glade for, seier leiar i historielaget John Moe, som fortel at årets hefte er på 84 sider og har mykje aktuelt stoff og mange artige bilde å by på.

I år som i fjor er det Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, og med seg i skriftstyret har ho hatt Sven Olav Svinvik, Wenche Ø. Kvendset og Maren Ansnes.
Leiaren nemner spesielt Start 4H, som har fått mykje plass i heftet i samband med lagets 50-årsjubileum for 2017. I heftet er det stoff frå heile epoken og mange artige bilde som mange vil kjenne igjen og vil gi mange gode minne frå tida i 4H.

Per Reiten har skrievet om Anders Svensk og Ørsalgeilen i årsskriftet.

Artig er også eit gjensyn med sentralen og den gamle telefonhistoria i bygda. Men det er også mykje anna godt stoff, og ikkje minst eit artig bildegalleri som er kalla «Minneboka». – På boksleppet vil det først og fremst bli presentasjon av det nye årsskriftet, men vi får også programinnslag med bl.a. gjensyn med filmen om Start 4 H som Sven Olav Svinvik og Anders Talgø i si tid laga. Og sjølvsagt blir det tid til ein lang kaffepause med nysteikte bakels til kaffen.

Bildegalleri om «Gevær på Hjellnes» supplerer fjorårets artikkel om Todalen skyttarlag.

Publisert: 13. november 2019, 21:00