Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klarstemte tonar frå nyreparert orgel.

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. april 2020

Midt inne i orgelet, mellom orgelpiper i alle størrelsar, stakk hodet på Espen Selbæk fram. Vi hadde nemleg høyrt rykte om at orgelreparasjon var i full gang i Todalen kyrkje. Orgelet har vore ute av drift på halvårsvis, og på siste gudstenesta vi var innom så var det organistvikar og pensjonist Bernt Bøe som satt og klimpra på eit piano. Det vart liksom ikkje det same som fyldig og klarstemt orgelmusikk, som vi har vore vant til.

Espen er både kantor og orgelbyggjar – det kjem kanskje godt med på slike jobbar. han skal justere klangen i pipene og sjølvsagt dukkar det opp nye feil på vegen. Foto: Jon Olav Ørsal

No er det ting på gang, og vi trur orgelet er i trygge hender når det er trønderen Espen Selbæk som er sett på saka. Han er nok fagmann på slikt som både er kantor og orgelbyggjar. Oppgåva no er både å justere pipen og spelebordet. Ei krevjande oppgåve forstår vi, men den er ikkje håplaus.

Selbæk reknar med at orgelet skal bli i perfekt stand når han no får gjort seg ferdig. Men det dukkar stadig opp fleire feil og følgjefeil så han er glad at kyrkja er stengt no, slik at han får arbeide i fred og ro.

Her kan han koble til utstyr som gjer at han kan stå nede i kyrkja og fjernstyre musikken for å teste pipene. Foto: Jon Olav Ørsal

Selbæk fortel vidare at hans spesiale er å justere klangen i pipene, og den skal bli omtrent slik klangen var da orgelet i sin tid var nytt, og bra tilpassa bruken til salmesongen i kyrkja.

Ein del av dei feilane som er oppstått har i følgje Selbæk sin orsak i at det har vore bruka for dårlege materialar både da orgelet vart bygd – og da det vart restaurert i 1995. Men no skal det bli bra, og eg reknar med at det skal bli stabilt, slik som orgelet i Stangvik kyrkje, seier Selbæk. Det har vore 3 rundar med reparasjonar av orgelet i Todalskyrkja – til saman er det nok bruka summar i 100.000-klassen. Men no skal det bli bra, og det er garanti på det arbeidet eg har utført seier Selbæk.

Kvar enkelt pipe må reparerast og justerast – og testast etterpå. I går bruka eg heile dagen på reparasjon av 8 piper, så det er da ein tålmodighetsprøve også, seier Espen Selbæk, som lovar at orgelet skal bli like bra som nytt – med garanti. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Kyrkjekonsert
Når det blir normale tider igjen og kyrkja blir opna har eg og Bjørn Vevang, som er organist i Stangvik, snakka om å arrangere konsert på «ny orgelet», slik at vi får prøvd det skikkeleg etter reparasjonen. – Det gler vi oss til, og det skal vi jammen realisere, seier Espen Selbæk før han dukkar ned mellom orgelpipene igjen.

Først publisert: 8. april 2020, 15:31 - Sist oppdatert: 11. april 2020, 10:41