Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare til å ta i mot over 30 fotballag og skal arrangere et 60 tals fotballkamper

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juni 2017

Fredag kveld var det siste innspurt på dugnadsarbeidet og no er det klart til å ta i mot gjestane.  Til Todalsdagen kjem det over 30 fotballag og det skal arrangerast over 60 kampar i løpet av laurdagen.  I tillegg arrangeres mosjonsløpet Ræta Opp, der over hundre deltakarar skal starte på Bordholmen og så ein svipptur til Halsetræta for å prøve seg på motbakkane der…

Fredag kveld var det som sagt dugnad, og arrangementskomiteen med fotballsjef Knut Bergli i spissen såg ut til å ha nedsenka skuldre og full kontroll på arrangementet.  Dei skrytte av banekomiteen og arbeid for ungdom som har lagt ned ein stor innsats for å ruste opp anlegget til arrangementet. No er det klart for å ta i mot gjestane.

Vipps – så kan du gå inn og sjå på menyen på Todalsdagen, og sjølvsagt betala med Vipps – verda går framover! Foto: Jon Olav Ørsal

Maten under todalsdagen er eit kapitel for seg sjølv – men heimlaga potetsalat og 650 grillspyd og 500 vårruller, og 50 liter vaffelrøre klar til steiking så trur eg ikkje at verken fotballspelarar eller journalister skal frykte for nokon hungersnaud. 

Vi gler oss iallfall, og i skrivande stund er det berre 11 timar til første avspark!

 Bildegalleri med glimt frå dugnaden fredag kveld – kanskje treffer du kjentfolk?  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. juni 2017, 22:08