Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klare for «storskule» i Todalen

Klare for «storskule» i Todalen

Elinor Bolme Torsdag 16. august 2012

I kveldinga var rundt 70 elevar, med foreldre, småsøsken og nokre tilsette samla til ei sosial samlingsstund ved Todalen Oppvekstsenter. Her fekk elevane og foreldra frå Stangvik oppvekstsenter høve til å bli litt kjent med kva Todalen skule har å by på medan deira eigen skule no snart skal totalrenoverast. Einingsleiar Bjørn Høivik tok med seg dei ulike klassane rundt om på skulen slik at dei fekk sjå kva som har vorte endra slik at det skal bli plass nok for alle å opphalde seg her i ombyggingsperioden. Ikkje riktig alt var klart enda, men med ein arbeidsdag att meinte han at mesteparten ville komme på plass.

Både elevar og foreldre gav uttrykk for at dette ligg an til å bli eit spanande skuleår med dei løysningane som har vore gjort så langt. Med kun positive fortegn. Det store spørmålet var naturleg nok kven det var som skulle få klasserommet sitt i brakka. Og der var det 7. klassesom som skulle ha sin base. Den gamle sløydsalen var oppussa til lyst og fint klasserom som 1. og 2. klasse skulle regjere i. Og der var det ikkje mykje uro ved prøvesitjinga av plassane sine. Då Einingsleiaren lurte på om dei kanskje berre skulle byrje med ein gong, var dei heilt klare for det.

FAU hadde ordna med grillar og kaffebrød i anledninga, og med sol frå bortimot skyfri himmel vart det eit svært vellykka arrangement på tampen før skulestarten på mandag. Under er ein del bilder frå arrangementet. Alle foto:ElinorB

Først publisert: 16. august 2012, 22:05 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:51